Forslag til ny forskrift for gebyr etter plan- og bygningslova, eierseksjonslova og matrikkellovaDet er utarbeidd forslag til ny gebyrforskrift for saksbehandling etter plan- og bygningslova, eierseksjonslova og matrikkellova. Målsettinga med arbeidet har vore å lage ei forskrift som er rettferdig, tydeleg og fleksibel. Rettferdig: Gebyra skal gjenspegle dei ulike brukargruppane sine kostnadsnivå på best mogleg vis. Tydeleg: Forskrifta skal være lett å lese og handheve, med eit klart og forståeleg språk. Fleksibel: Forskrifta visar til årlege kommunestyrevedtak for gebyras størrelse. Hovudutval for miljø, areal og teknikk har behandla saken i møte 4. oktober 2023, sak 40/23, og vedtok å legge forslaget ut til offentleg ettersyn. Forklaring på endringane som er foreslått finn du i høyringsbrevet under. Høyringsbrev ny gebyrforskrift Surnadal (PDF, 352 kB) Gebyrforskrift pbl eierseksjon matrikkel (PDF, 436 kB) Eventuelle merknader til forslaget sendast til post@surnadal.kommune.no Høyringsfrist for den lokale forskrifta er sett til 10.11.2023 Publisert av Håvard Stensønes Sist endret 09.10.2023 12:58