Høyring av utviding av parkeringsareal ved Vang skiarena
Surnadal kommune sender utviding av parkering og endring av bekk ved Vang skiarena på høyring.
IL Søya har sendt søknad om å få lov å flytta bekken for å få laga ein større parkeringsplass. Det er ikkje registrert nokon trua eller nær trua artar som blir ramma negativt av inngrepet i Naturbase eller Sensitive artsdata.
Sjå søknad (PDF, 705 kB) frå IL Søya og kart (PDF, 3 MB) for meir informasjon om inngrepet.
Saka er på høyring til 5. april. Send innspel til post@surnadal.kommune.no eller Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Sist endret 28.02.2024 08:59