Salsannonse - Todalen skule

Foto. Todalen skule - Klikk for stort bilde

Surnadal kommune har lagt Todalen skule ut for sal med vilkår om plan for gjenbruk. 

Om salsobjektet

Todalen skule vart lagt ned i 2021. Sidan har lokala stått tomme. Bygningsmassen som er lagt ut for sal består av ei hovudbygning frå 1921 og eit påbygg frå 1989 med gymsal og garderobe. 

Nøkkelinformasjon

Gards- og bruksnummer: 139/9
Adresse: Pilskarvegen 37

  • Bygningstype: Skulebygg
  • Byggeår: Skulen er bygd i 1920 og påbygd i 1982, pluss eit lite påbygg i 1997.
  • Eigarform: Offentleg bygg eigd av Surnadal kommune

Areal og verksemd i bygget:

PlanType verksemd
1. etg.Gymsal, klasserom, kontor, lager, vaskerom
2. etg.Klasserom, lager
LoftLager, teknisk rom
  • Brutto areal skulebygget: 1260 m2
  • Tomteareal: 6400 m2 (inkludert barnehagen - muleg frådeling). Areal som følgjer med skulebygget vil bli avklart ved sal av skulen.
  • Grunnbokopplysningar: Vi gjer merksam på heftelsar på eigedommen. Informasjon frå grunnboka

Det blir tatt forbehald om at teksten i kan innehalde feil og manglar.

Vis Planteikning for Todalen skule (PDF, 738 kB)

Vis Snitt- og fasadeteikning for Todalen skule (PDF, 3 MB)

Pris: Seljast for kr. 1,- dersom kriterie for val av kjøpar er oppfylt.

Kriterie for val av kjøpar  

Todalen skule har mykje historie i veggane. Den har fungert både som skule og samlingsplass for bygda. Kjøpar må kunne legge fram plan for gjenbruk av bygningsmassar med intensjon om at Todalen skule vil utgjere eit positivt aktivum for bygda, også framover.

Gjenbruksplanen kan for eksempel innebere:

  • Aktivitet for barn og unge
  • Næringsverksemd
  • Bustadformål
  • Kulturverksemd
  • Arrangement/sosial møteplass

Ei god plan for gjenbruk, som også tek omsyn til heile området Todalen oppvekstsenter, og som er økonomisk berekraftig. vil vere avgjerande ved val av kjøpar.

Kjøpar av skulebygget kan få forkjøpsrett ved sal av barnehagen som ligg på same eigedom.

  • Surnadal kommune vil vere behjelpeleg med omregulering av området til anna formål i tråd med kriterie.
  • Kommunen tar atterhald om gjenkjøp dersom planar ikkje blir iverksett innan to år. 

Todalen barnehage

Todalen barnehage er ein del av tidlegare Todalen oppvekstsenter og ligg på same gards- og bruksnummer. Areal som følgjer med skulebygget vil bli avklart ved sal av skulen.

Gardsnummer: 139. Bruksnummer: 9
Adresse: Pilskarvegen 33

  • Bygningstype: Barnehagebygg
  • Byggeår: 1989
  • Eigarform: Offentleg bygg eigd av Surnadal kommune

Areal og verksemd i bygget

PlanType virksomhet
1. etg.Barnehage med sosiale område, kontor, kjøkken, teknisk rom m.m.
Kaldt loftTomt, nokre tekniske føringar.
  • Brutto areal barnehagebygget: 160 m2 
  • Totalt tomteareal: 6400 (skule og barnehage)

Frist for å melde interesse

Aktuelle kjøparar bes melde interesse og legge ved plan for gjenbruk innan 23.10.2023.

Skriftleg plan for gjenbruk sendast Surnadal kommune på e-post: post@surnadal.kommune.no

Kontaktperson: Konst. kommunedirektør Gunhild Eidsli: Mobil: 97174856