Førehandsstemming

I førehandsstemmeperioden frå 10. august til og med 8. september kan du stemme ved Surnadal kulturhus. På valdagen 11. september kan du stemme ved valfri stemmestad i kommunen, dersom du har stemmerett og var innført i manntalet i Surnadal per 30. juni 2023. Du kan i tillegg stemme ved Surnadal kulturhus søndag 10. september.

Førehandsstemmeperioden

Frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september er det førehandsstemming på Surnadal kulturhus frå kl. 09.00 – 15.30,  måndag til fredag. Dei to siste vekene før valet blir opningstida frå kl. 09.00 – 17.00 , med unntak av siste fredagen før valet. Da blir det halde ope til kl. 15.30.

Dersom du førehandsstemmer, kan du stemme i den kommune du vil i landet. Din stemme blir da sendt til din heimkommune. Hugs å ta med valkort!

Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som bor eller oppheld seg i utlandet kan førehandssstemme (frå 1. juli til 1. september) ved utenriksstasjonar eller hos stemmemottakarar som er oppnemd av Sysselmannen på Svalbard og av Valdirektoratet. 

Førehandsstemming på institusjonar og andre stader

 Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik:

  • Surnadal vidaregåande skole - Tysdag 5. september kl. 10.00 – 12.00
  • Nordmøre folkehøgskole - Tysdag 5. september kl. 13.00 – 15.00
  • Surnadal sjukeheim - Onsdag 6. september kl. 10.00 – 12.00
  • Bårdshaugen omsorgsbustader - Onsdag 6. september kl. 13.00 – 15.00

Alle som ikkje har anledning til å stemme ved ein ordinær stemmestad kan avlegge sin stemme desse dagene.

Stemme før 10. august (tidlegstemme)

Veljarar som oppheld seg innanriks, unntatt på Svalbard og Jan Mayen, og som ikkje kan avgi stemme i perioden for førehandsstemmegivning eller på valtinget, kan kontakte kommunen for å tidlegstemme frå 3. juli til og med 9. august.

Tidlegstemming skjer etter avtale på kommunehuset i normal opningstid frå kl 9.00 til kl 15.00. For avtale ring kommunens sentralbord: 71 65 58 00

Søke om å stemme heime (ambulerande stemmegivning)

Kan du ikkje stemme i eit vallokale på grunn av sjukdom eller uføre kan du søkje om å få førehandsstemme der du oppheld deg. Dersom du får innvilga søknad til å stemme heime, kjem det to valgmedarbeidarar heim til deg og mottek stemma di der.

Frist for å søkje om å få stemme heime er 5. september 2023.

Søknaden må innehalde namn, telefonnummer, adresse og personnummer. Du vil få nærare beskjed om tidsrom for stemmegivning.

Søk om dette ved å sende e-post til Surnadal kommune

Søknaden kan også sendast per brev:

Valstyret i Surnadal
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Husk legitimasjon! 

Du må ha med legitimasjon for å stemme. Identifikasjonspapir med navn, fødselsdato og bilde, som for eksempel pass, bankkort og førarkort blir godteken som legitimasjon. Valkort er ikkje nødvendig for å stemme, men det kan gå raskare om du tek det med.