Vil du bli meddommar?

Kunne du tenke deg å vere meddommar i rettssaker? Kvart fjerde år vel kommunar og fylkeskommunar nye meddommarar og skjønnsmedlemmar som skal gjere teneste i domstolane. Meddommarar frå vår kommune blir valde av kommunestyret i juni 2024. Fyll ut og send inn skjema under innan 22. april.

Kva er ein meddommar?

Ein meddommar er ein vanleg innbyggar som er med på å ta avgjerd i rettssaker. Meddommarar spelar ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Det trengst ingen spesiell fagleg bakgrunn. Dette er fordi prinsippet om at ein skal «dømmast av likemennene sine» står sterkt i norsk rettstradisjon.  

Mange av våre meddommarar er godt vaksne. Vi vil gjerne ha fleire yngre meddommarar, slik at vi får ei brei samansetning av meddommarar med ulik bakgrunn og livserfaring. 

Sjå video om å vere meddommar

 

 Dette er ein kort introduksjonsfilm som viser kva det vil seie å vere meddommar i ein norsk domstol.

Som meddommar er du vald for fire år. Du kan rekne med å bli innkalt éin til tre gonger i året. Dei fleste rettssaker varar frå éin til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger. Ein meddommar deltar både i sivile saker og i straffesaker.  

Meddommarar blir valde til Lagmannsretten, Tingretten og Jordskifteretten.  I tillegg foreslår kommunen aktuelle skjønsmedlemmar, som blir oppnemnt av fylkestinget. Om vervet som meddommar (domstol.no)

Registrerte meddommarar frå kvar kommune blir offentleggjort i nasjonal portal for meddommarutval.

Kven kan vere meddommar?

I medhald av domstolslova § 70 må den som blir vald

  • ha tilstrekkelege norskkunnskapar
  • vere personleg eigna til oppgåva
  • vere fylt 21 år og vere under 70 år
  • ha stemmerett og vere valbar til kommunestyret når perioden startar
  • vere norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i Folkeregisteret som busett i Norge dei siste tre åra
  • vere lovlydig
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene på valdagen

Fyll ut og send inn skjemaet under innan 22. april.

Desse kan ikkje vere meddommar

  • stortingsrepresentantar og vararepresentantar
  • statssekretærer, statsrådenes personlege politiske rådgivarar og tilsette ved statsministerens kontor
  • fylkesmenn og assisterande fylkesmenn
  • utnemnde og konstituerte dommarar og tilsette ved domstolane
  • tilsette i påtalemyndigheita, politiet og kriminalomsorgen
  • tilsette i Justisdepartementet, Politidirektoratet og domstoladministrasjonen (inkludert styret) 
  • tilsette og studentar ved Politihøgskolen og Fengselsskolen
  • praktiserande advokatar og advokatfullmektigar
  • kommunens administrasjonssjef eller kommunerådets medlemmar i kommunar som er organisert i samsvar med kommuneloven kapittel 3, og kommunale tenestemenn som tar direkte del i førbuing eller gjennomføring av valet
  • straffedømte

Ofte stilte spørsmål (domstol.no)

 Lurar du på noko,  kan du ta kontakt med Råg Ranes ved å ringe i kommunens sentralbord.