Bøfjorden barnehage

Lokalisering

Bøfjorden barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar, med gangavstand både til fjorden, elva og skogen. Barnehagen vart bygd som eit tilbygg til skulen, som no er nedlagt. Vi har difor eit stort uteområde å boltre oss på.

Organisering

Barnehagen er ein einavdelings barnehage som er godkjent for 15 plassar frå 0-5 år. Dersom barnetalet overstig dette, har vi høve til å dele gruppa og bruke lokale på skulen som er innreidd til bruk for dei største barna.

Særpreg

«Trygg i leik og latter. Saman lære i det nære». Dette er vår visjon. Leiken er sentral i vår barnehage. Utrygge barn leikar ikkje. Gode relasjonar skapar tryggleik. Vi ser naturen som ein viktig arena for leik og læring. Ved sjøen har vi høve til å nytte både gapahuk og gamme.

Kontaktinformasjon

Bøfjorden barnehage
Telefon 71 66 29 83
Gunnhild Skjerdal
Einingsleiar
E-post
Mobil 954 69 235
Arne Henning Johnsen
Einingsleiar Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter
E-post
Mobil 905 64 727

Åpningstider

Måndag - fredag:
07.00 - 16.30

Adresse

Postadresse:
Surnadal kommune
v/ Bøfjorden barnehage
Bårdshaugveien 1
6650 Surnadal

Besøksadresse:
Skulebakken 21
6643 Bøfjorden