Fyrverkeri - bruk og oppskyting
All handtering av eksplosiver, inkludert fyrverkeri, er underlagt streng regulering for å gi størst muleg tryggleik til både dei som er involvert og dei som er utanforståande.
Når kan eg sende opp fyrverkeri?
Det er eit generelt forbod mot bruk av alle typar fyrverkeri heile året. Ønsker du å sende opp fyrverkeri må du søke om løyve frå politi og brannvesen i god tid. I Surnadal kommune er det generelt løyve for publikum til å sende opp lovleg fyrverkeri på nyttårsaftan i tidsrommet kl 18-02. Ved spesielle verforhold kan løyvet bli trekt tilbake.
Kor kan eg sende opp fyrverkeri?
Det er ingen reglar i vår kommune om kor du har lov eller ikkje lov til å sende opp fyrverkeri. Men du må vise generell aktsomheit når du sender opp fyrverkeri, slik som du må med all brannfarleg aktivitet.
Hugseliste ved oppskyting av fyrverkeri
- Førebu fyrverkerioppskytinga
- Les bruksanvisninga nøye før bruk
- Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd
- Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
- Bruk tennestav, sigarettglo eller liknande
- Sitt på huk, tenn lunten med strak arm og fjern deg straks lengst muleg unna
- Bøy deg aldri over antent fyrverkeri
- Ikkje tenn fyrverkeri på nytt dersom det ikkje blir tent ved første forsøk
- Anbefalt sikkerheitsradius er 25 meter
- Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
- Hugs at det er den som brukar fyrverkeriet som har ansvaret og kan bli erstatningspliktig dersom noko går gale.
Sist endret 10.12.2024 11:32