Berekning av eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ei skatteform kommunestyret sjølv kan vedta å skrive ut med heimel i Eigedomsskatteloven. Dette er den einaste skatten som i sin heilskap går til kommunen, og som kommunen sjølv rår over jamfør gjeldande lovgiving.

Grunnlag for eigedomsskatt

Bustadverdi frå Skatteetaten

Surnadal kommune vedtok å ta i bruk Skatteetatens bustadverdiar som grunnlag for eigedomsskatt frå 2020.  

Vedtak om eigedomsskatt for 2024 vart gjort av kommunestyret i Surnadal 14.12.2023, jf. Eigedomsskattelova § 3 bokstav a. Kommunestyret vedtok ein promille på 7, unntatt for bustader og fritidsbustader, der promillen vart sett til 3,4.

Berekna marknadsverdi vil utgjere enten ein verdi basert på statistikk frå SSB (bustadverdi) eller ein verdi basert på dokumentert marknadsverdi (i dei tilfelle der eigar av eigedommen har kravd formuesverdien nedsett). 

Berekna marknadsverdi reduserast med ein såkalla obligatorisk reduksjonsfaktor, for å unngå at nokre bustader får for høgt eigedomsskattegrunnlag. Reduksjonen inneber at eigedomsskattegrunnlaget ikkje skal vere høgare enn 70 prosent av den berekna marknadsverdien det aktuelle året.

Bustadverdiane som blir brukte for eigedomsskatt vil komme frå skattemeldinga to år tilbake i tid. 

Sjekk Skatteetatens boligkalkulator

Kommunal taksering

For eigedommar som ikkje har komme med på lister som kommunen mottar frå Skatteetaten, blir skattegrunnlaget fastsett ved kommunal taksering. På skatteseddelen din står det kva for berekning som er brukt.

Kommunen brukar verdiar/sjablongar frå 2020 fram til ny taksering 2030 (10 års rullering).  Du finn informasjon om juridiske rammer og metodar for kommunal taksering i dokumentet om retningslinjer for eigedomsskattetaksering under.

RETNINGSLINJER FOR EIGEDOMSSKATTETAKSERING I SURNADAL KOMMUNE FOR PERIODEN 2020-2029. (PDF, 363 kB)

Fastsetting av skattegrunnlaget for næringseigedom

Næringseigedom inkludert ubebygde tomter regulert til næring, takserast av kommunen.  For å berekne næringstakst foretar sakkyndig nemnd ei vurdering av den enkelte næringseigedom basert på berekna leigeverdi.