Sende faktura til kommunen?

Informasjon om korleis du kan sende faktura til Surnadal kommune. 

Som hovudregel skal faktura sendast via EHF. Fakturaadressa er da organisasjonsnummeret vårt.

Alle einingar har samme organisasjonsnummer og dette er 964 981 892

Merk fakturaen med avdeling / namn på kontakperson i kommunen. 

Kan du ikkje sende EHF skal faktura sendast som pdf til 964981892@autoinvoice.no

Kommunen har ikkje anledning til å ta i mot faktura på papir eller handskrivne fakturaer.

Normalt må det være 30 dagars betalingsfrist på faktura, dette gjeld frå korrekt faktura er motteke av oss.