Kva gjer demenskoordinator for personar med demens og deira pårørande?
Demenskoordinator er eit bindeledd mellom personar med demens, deira pårørande og dei ulike delane av tenesteapparatet.
- Følgjer opp personar med demenssjukdom og deira pårørande
- Kartlegg og foretek utredningsbesøk i heimen etter avtale/samarbeid med fastlege
- Samarbeider med heimesjukepleien, fastlegane og spesialhelsetenesta
- Held oversikt over tilbod i kommunen for personar med demenssjukdom og deira pårørande
- Arrangerar pårørandeskule i samarbeid med demensforeninga og kommunen
- Samarbeider med Surnadal demensforening og helselag for eit demensvennleg samfunn og aktivitetsvenn
Pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med demenskoordinator. Tenesta er gratis. Du treng ingen søknad eller tilvising.
Kontaktinformasjon
Sjukepleiar Tonje Bjørnås
Telefon: 90260795, tysdag og torsdag kl. 07.30-15.30
Andre dagar og på kveld kan du ringe heimetenesta: 90206398
E-post: tonje.bjornas@surnadal.kommune.no
Om eg ikkje er tilgjengeleg på telefonen, så send gjerne ein e-post. Hugs å ikkje opplyse om sensitive personopplysningar på e-post.
Besøksadresse: Bårdshaugvegen 35, 6650 Surnadal
Eksterne lenker med aktuell informasjon finn du her:
Demensplan 2025
Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse
Veiviser Demens