Prisar på heimetenester

Alle prisar er inkl. m.v.a. 

Prisar for heimetenester
Heimetenester Pris
Tryggleiksalarm kr 225 pr. mnd. (Etableringsgebyr kr. 1200)
Deltaking dagtilbod for demente kr 275 pr. dag
Middag, månadsabonnement kr 83 pr. porsj.
Enkeltmiddag inkl. bringing kr 102 pr. porsj.
Influensavaksine kr 300 pr. vaksine
Praktisk bistand (heimehjelp) kr 210 Minimum pris, sjå tabell under.
Heimesjukepleie Gratis

 

  1. Surnadal kommune nyttar maksimalsatsane som er fastsett av Kongen for betaling av heimetenester.  For brukarar med inntekt under 2G er denne i dag fastett til kr 210,- i månaden.  Ved endring av dei sentrale satsane, vil dei lokale satsane bli justert tilsvarande.
  2. For brukarar med inntekt over 2G vil betalinga bli etter abonnementsordning for heimehjelp.
  3. Dersom brukaren har fråvær eller anna førebels stopp av heimehjelpa, vil betalingsplikta opphøyre når beskjed om dette er gitt heimetenesta med minst 3 dagars varsel.  Brukaren skal heller ikkje betale for tildelte timar der heimetenesta ikkje klarar å gi brukaren den avtalte hjelpa.  Betalingsplikt grunna manglande varsel gjeld ikkje når brukaren blir overført til kommunal institusjon for kortare eller lengre tid, eller ved sjukehusinnlegging.
  4. I Heimetenesta blir det i hovudsak ikkje gitt heimehjelp i samband med sommarferieavvikling.  Dette kan da medføre ein betalingsfri månad.  Nødvendig hjelp blir gitt av heimesjukepleia.
  5. Max-timesats for praktisk bistad er kr 435,- pr. time.
  6. Satsane blir gjort gjeldande med verknad frå 01.01.20.

 

Prisar heimetenester
Inntekt Over kr: Under kr: Betalingssats pr. månad
2G-3G 197 732 296 597 kr 970
3G-4G 296 598 395 463 kr 1 490
4G-5G 395 464 494 329 kr 2 090
Over 5G 494 330 kr 2 580