Helseplattformen

Helseplattformen er ei felles journalløysing for heile helsetenesta i Midt-Norge. 

Betre informasjonsflyt for innbyggar og helsepersonell

For å gi deg god helsehjelp må rette helsepersonell ha rett informasjon om deg til rett tid. I dag er informasjon om deg lagra i ulike system, som ikkje automatisk snakkar saman, f. eks på helsestasjon, i heimetenesta, hos fastlege eller på sjukehuset.  

Helseplattformen er ei samhandlingsløysing for heile helsetenesta i Midt-Norge. Helseplattformen består av eit felles journalsystem for helsetenestene og ein tilhøyrande innbyggarportal - HelsaMi.  

All informasjon blir samla på ein plass. 

Personvern i pasientjournalen Helseplattformen.

Vil du vite meir om Helseplattformen? Faktaside om Helseplattformen

Innføring av Helseplattformen i Surnadal kommune

Surnadal kommune innførte Helseplattformen 09.11.2024. Innføringa omfattar desse tenestene:

  • Surnadal sjukeheim
  • Heimetenesta
  • Bu- og aktivitetstenesta
  • Helse og familie

Alternative kontaktpunkt i kommunen ved innføring av Helseplattformen

Gå til oversikt over kontaktinformasjon

Historikk