Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er ei lovpålagt kommunal teneste. Det er eit arbeid som går føre seg i tett samarbeid med kommuneoverlegen i dei ulike kommunane.

Kven er vi?

Miljøretta helsevern er organisert som ei interkommunal teneste for Surnadal, Sunndal, Rindal, Halsa og Tingvoll, med kontorstad i Surnadal. 

Korleis arbeider vi?

Vi arbeider ut i frå krava i Folkehelselova og nyttar ofte tilsyn som metode. Vi vil mest av alt vera med i forkant ved planleggjing av bygningar som barnehagar og skular og til dømes nye boligområde.

I tillegg fører vi jamne tilsyn etter Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.

Samt godkjenner barnehagar og skular.

Dette gjer vi for at borna skal ha eit bra arbeidsmiljø.

Når tek du kontakt med oss?

Dersom du  skal  etablere ei teneste som påverkar helsa til brukarane dine.

Eksempel på tenester

  • Starte frisørsalong
  • Drive med hudpleie
  • Starte med tatovering
  • Etablere dusjanlegg og boblebad

Kontaktinformasjon

Oddrun Persdotter Fiske
Miljøretta helsevern
E-post
Mobil 481 77 673

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 16:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL