Aktivitetskontakt psykisk helse og rusAktivitetskontakt psyksisk helse og rus er eit lågterskeltilbod for deg over 18 år som slit med psykisk helse og /eller rus. Vi gir også tilbod til dine pårørande. Kven kan få tilbodet? Personar som slit med rus (legal og/eller illegal rusmiddel) og har mål om å bli rusfri, og har behov for bistand til å oppnå dette. Personar som har utfordringar med psykisk helse, som ikkje er arbeid eller i anna aktivitet. Pårørande til personar som slit med psykisk helse og/eller rusproblematikk. Kvifor delta? Å delta i aktivitet kan bidra til at du kjem ut i frå isolasjon og einsemd. Aktivitet kan bidra til at du endrar livsmønsteret ditt og får auka livskvaliet. Gjennom å delta i ein aktivitet kan du kjenne at du høyrer til og bli kjend med nye menneske. Slik kan du bli sterkare og få det betre psykisk eller bli meir motivert til å bli rusfri. Kva aktivitetar kan du få? Aktivitetar blir tilpassa etter dine ønske og behov. Det kan vere individuell aktivitet eller i gruppe, som for eksempel: oppfølging etter opphald i spesialisthelsetenesta/rusinstitusjonar støttesamtale og rettleiing bistand til pårørande turar og fysisk aktivitet innandørs klatring sosiale aktivitetar kreativ verkstad, praktisk verkstad Kva kostar tilbodet? Tenesta er gratis, og dei tilsette har teieplikt. Korleis får du tilbodet? Du treng inga tilvising frå fastlege eller andre. Vaksne over 18 år, pårørande og tverrfaglege samarbeidsaktørar kan ta direkte kontakt på telefon, e-post eller personleg oppmøte. Aktivitetskontakten held til på Elvebredden møteplass ved Sommerrotunet Aktivitetshus i Røssmovegen 26. Sjå kontaktinformasjon på denne sida. Sist endret 05.01.2023 11:00