Akutt psykisk helsehjelp

Av og til oppstår det situasjonar der ein kan få behov for akutt psykisk helsehjelp. 

Når kontakte Legevakt og fastlege?

Ein akutt psykisk tilstand kan oppstå som følge av sjukdom, langvarig stress, livskriser og andre belastningar. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp grunna sjølvmordsfare, depresjon, psykose, forvirring eller liknande, skal du kontakte legevakta. På dagtid er det fastlegen din ved Surnadal legesenter som er legevakt. Når du ikkje fram til fastlege, kan du heile døgnet ringe:

  • Legevakt: 116 117
  • Ved akutt fare for liv og helse: 113
  • Ved akutt fare for vold: 112

Når kontakte ambulant akutteam (AAT)?

I krisesituasjonar kan tverrfagleg ambulant akutteam gi rask vurdering og korttidsbehandling til personar over 18 år med psykiske lidingar eventuelt i kombinasjon med rusmiddelproblem.  Ambulant akutteam er eit spesialisert tverrfagleg team som har som oppgåve å:

  • vurdere pasientar som henvises med akutt psykisk krise til psykisk helsevern for akuttinnleggelse, og eventuelt for akutt hjelp utan behov for innleggelse
  • gi korttids heimebehandling i samarbeid med pasient, pårørande og andre helsetenester i spesialisthelsetenesta og kommune, som alternativ til akutt innleggelse i døgnenhet i psykisk helsevern.

Oftast blir AAT kontakta via fastlege eller legevakt på vegne av pasientar som i ein krisesituasjon ikkje kan takast hand om av kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetjenesta. Du kan også ringe sjølv. Det viktigaste er at du får rask og god psykisk helsehjelp når du er i krise.

  • AAT Nordmøre: Vakttelefon - 94 87 84 70 (kl. 09.00 - 15.30)
    Dps Kristiansund, Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund.
  • Utanom opningstid, kontakt legevakt: 116 117