Kven kan få tilbod?
I hovudsak er det dei som har vorte pålagde rådgiving av styresmaktene som skal få rådgiving frå den Rådgivande eininga for russaker, men eininga vidareformidlar kontakt til aktuelle tenester og tiltak for dei som ønskjer frivillig rådgiving om rus og rusmiddel etter behov.
Korleis får du tilbodet?
Ta kontakt med hovudrådgivar/ruskonsulent for få gjennomført pålagt rådgiving eller om du har spørsmål eller ønskje om rådgiving vedrørande rus.
Kontor- og møtestad for Rådgivande eining for russaker (RERS):
Vi held til ved Elvebredden møteplass, som er ei avdeling for psykisk helse og rus ved Sommerrotunet Aktivitetshus,
Røssmovegen 26, 6650 Surnadal.
Rådgivarar ved eininga :
Hovudrådgivar og rådgivar for dei over 18 år :
Marion Westli Johannessen, Ruskonsulent
Rådgivar for dei under 18 år :
Kristin Børset, Ungdomskontakt
Rådgivar for dei over 18 år :
Linda Margareth Øye, Aktivitetskontakt
Kontaktinformasjon for oversendelsar frå påtalemyndigheita:
Post sendes digitalt til kommunens org.nr.: 964 981 892
Rådgivande eining for russaker v/Surnadal kommune
Ann-Elin Stenberg, Einingsleiar Helse og familie