Reisevaksiner

Dersom du treng reisevaksine kan du ta kontakt med helsestasjonen for råd og bestilling av tidspunkt for vaksine.

Kva tilbyr vi?

Helsestasjonen i Surnadal kommune tilbyr kombinasjonsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

Vaksne som er grunnvaksinert bør ta ein oppfriskingsdose mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt kvart 10. år. Denne vaksinen er også anbefalt på dei fleste reiser. Les meir om kva vaksiner du bør ta på helsenorge.no

Vi tilbyr også vaksine mot meslingar, røde hunder og kusma (MMR) for dei som ikkje har denne.

Korleis bestille reisevaksiner?

Vi ber om at du kontaktar i god tid før avreise, minst to månader i forkant. Dette er viktig fordi vi skal kunne bestille vaksiner for deg og for intervall mellom vaksiner. Vi sett opp vaksinetimar annakvar måndag i partalsveker kl. 13.00 - 15.00. 

Kva kostar det?

Kostnadar ved reisevaksinering må du betale fullt ut. Ta kontakt med helsestasjonen for oppdaterte prisar.

Reiser du med små barn?

For barn som i første leveår skal ha lengre opphald i land med høgare førekomst av infeksjonssjukdommar, kan det vere aktuelt å starte vaksinasjon tidlegare enn vanleg og gje dosane med kortare intervall for å rekke to eller tre dosar før avreise.

Informasjon om framskunda MMR-vaksine hos FHI