Bu- og aktivitet

Bu- og aktivitetstenesta tilbyr helsehjelp, praktisk bistand, opplæring og aktivitetstilbod til personar med nedsett funksjonsevne. Målet vårt er å fremje sjølvstende, livskvalitet og aktiv deltaking i samfunnslivet.

Kva tilbyr vi?

Bu- og aktivitetstenesta er ein del av dei heimebaserte omsorgstenestene i Surnadal kommune. Vi gir helse- og omsorgstenester til personar som treng hjelp og oppfølging i kvardagen.

Målgruppa vår er først og fremst personar med langvarige og omfattande behov for bistand. Tenesta omfattar helsehjelp, opplæring og praktisk bistand, tilpassa behova til den enkelte.

Målet er å gi nødvendig hjelp og støtte i kvardagen, og leggje til rette for at den enkelte kan vere mest mogleg sjølvstendig ut frå sine føresetnader.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilrettelagde dag- og aktivitetstilbod ved Sommerrotunet aktivitetshus. Tilbodet er for vaksne med utviklingshemming og/eller andre samansette bistandsbehov. 

Les meir om aktivitetstilbodet ved Sommerrotunet aktivitetshus. 

Les meir om ulike tenester til personar med nedsett funksjonsevne.

Korleis få tilbodet?

Det er eit felles søknadskjema for alle helse- og omsorgstenester i Surnadal kommune. Du kan søke digitalt via HelsaMi frå nettlesar eller app på mobilen. Er du ikkje digital brukar kan du bruke papirskjema. 

Du finn all nødvendig informasjon på denne sida.

Kontaktinformasjon Bu- og aktivitetstenesta

Kontaktinformasjon Bu- og aktivitet
AvdelingVakttelefonAvdelingsleiarTelefon
Sommerro48031850Bjørn Stortiset47878367
Leitet94869320Bjørn Stortiset47878367
Røssmovegen 2848890503Rune Nordheim Røv47878386
Bårdshaugen90629116Rune Nordheim Røv47878386
Nistutrøa48890501Marte Øie95553576
Røssmovegen 3491861372Marte Øie95553576
Avlastning Øye91994796Lillian Væge Glærum90809775
Sommerrotunet AktivitetshusLillian Væge Glærum90809775