Sommerrotunet aktivitetshus

Sommarrotunet aktivitetshuset gir dagtilbod for menneske med psykisk utviklingshemming og/eller andre samansette bistandsbehov. Ved Aktivitetshuset ligg også administrasjonen til Bu- og aktivitetstenesta.

Kven kan få dagtilbod?

Personar med psykisk utviklingshemming og/eller andre samansette bistandsbehov som er over 18 år kan få dette tilbodet.

Kva kan du få?

Du kan få dagtilbod på kvardagar mellom kl 09.00 og 14.00.

Vi legg tilrette aktivitetar ut i frå ditt behov og ønskje som stimulerer til vedlikehald og betring av fysiske, psykiske og sosiale ferdigheiter.

På aktiviteteshuset skal du oppleve livskvalitet, tryggleik, trivsel, og å bli respektert og verdsett.

Kva gjer vi ved Aktivitetshuset?

Gjennom veka har vi faste aktivitetar som turar, musikk/dans og kantineaktivitet.

Vi har ein fin formingssal med moglegheit for ulike aktivitetar.

Vi har aktivitetar knytte til markering av ulike høgtider og årstider.

Vi har eiga sanseavdeling, med eige kvilerom, treningsrom og eige musikkrom. 

Kven kan søke på dagtilbod?

Du må ha ei utviklingshemming, psykiske vanskar eller andre samansette bistandsbehov, som gjer det vanskeleg for deg å stå i eit anna arbeidsforhold. Du må vere busett i Surnadal kommune.

Korleis søke?

Det er eit felles søknadskjema for alle helse- og omsorgstenester i Surnadal kommune. Du kan søke digitalt via HelsaMi frå nettlesar eller app på mobilen. Er du ikkje digital brukar kan du bruke papirskjema. 

Du finn all nødvendig informasjon på denne sida.