Søk om heimehjelp
Søk heimehjelp og praktisk bistand ved å bruke søknadskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknadsskjemaet beskriv du kva hjelpebehov du har og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.
Har du allereie heimehjelp?
Kontakt heimetenesta. Kontaktinformasjon i kolonna til høgre.
Kva får du?
Du kan få hjelp til blant anna:
- personleg hygiene og stell
- matombringing
- matlaging, og i nokre tilfelle handling av varer
- reingjering
- klesvask
Krav til søkjar
Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder. Du må vere busett i Surnadal kommune.
Kva kostar det?
Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for heimehjelp/praktisk bistand
Sjå prisar for heimetenester