Korttidsopphald
For betaling av eigenandel ved kortidsopphold eller dag- / nattopphald nyttar Surnadal kommune maksimalsatsane som er fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet. Ved endring i dei sentrale satsane, vil dei lokale satsane bli justert tilsvarande utan nytt vedtak. Betalingssatsen for korttidsopphald gjeld for opphald til og med 60 døgn pr. kalenderår.
Kommunane får årleg i form av Rundskriv I-1, frå det Kongelege Helse- og omsorgsdepartementet beskjed om endringar i forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester. Saka blir vedteke av Stortinget i løpet av desember kvart år.
Langtidsopphald
For dei som har fått innvilga langtidsopphald blir eigenandelen berekna etter inntekt.
Dagtilbod
Betalingssats 2026 for dagtilbod ved dagsentret er kr 355,- og inkluderer aktivitetar, mat og transport til og frå.
Vis gebyrliste for 2026 ved Surnadal sjukeheim (Framsikt)