Surnadal sjukeheim

Surnadal sjukeheim ligg på Skei i Surnadal.

Kva kan vi tilby?

  • Langtidsavdeling med 24 rom.
  • Bu- og avlastningsavdeling med til saman 21 rom, 12 langtidsrom og 9 korttidsrom. Av korttidsplassane utgjer 3 av romma observasjonspost, innkludert eit tilrettelagt rom for palliativ pleie. 
  • Kåret, avdeling for personar med demens med 16 rom. I tilknytning denne avdelinga er det ein sansehage.

Elles har sjukeheimen eit institusjonskjøkken, samt vaskeritenester under same tak. 

Kven kan få tilbodet?

Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester.

Med utgangspunkt i ditt behov for hjelp og ei fagleg vurdering frå kommunen, sett i samanheng med kommunen sitt tenestetilbod, blir det fatta vedtak om kva type hjelp og kor stort omfang av hjelpa som kan ytast.

Kontaktinformasjon

Surnadal Sjukeheim
Telefon 71 65 82 00

Adresse

Bårdshaugvegen 22
6650 SURNADAL