Kavlvegen kultursti - parkering og informasjon

Rullestolbrukar på Kavlvegen kultursti - Klikk for stort bildeKavlvegen kultursti Anne Lise With Vullum

Kavlvegen kultursti opna 1. september 2023. Dette er eit unikt friluftslivsområde med gruslagde turstiar og kavlvegar av tre som er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. 

Informasjon til besøkande

Surnadal kommune har bygd Kavlvegen kultursti som eit eksempel på berekraftig og naturvennleg tilrettelegging på sårbar myr. Dette er ein lett tur i vakker natur i eit myrterreng ved foten av Trollheimen. Fri for lange bratte bakkar og med mange koselege kvilebenkar og møteplassar undervegs. 

Kavlvegen kultursti har to startpunkt, begge med avkøyrsel frå FV670 på Eidet i Surnadal,  ein 4-5 minutt køyretur frå sentrum.

Kart som viser startpunkt for turstien. - Klikk for stort bildeStartpunkt frå FV670

Startpunkt frå museet på Åsen

Det eine startpunktet finn du ved å følge skilta avkøyrsel frå FV670 til museum og parkering på Åsen. Derifrå er det 1,3 km å gå på fin grusa tursti til kvilebu og kavlvegar.

Startpunkt frå HC-parkering på Galtmettet

Det andre startpunktet finn du ved avkøyrsel frå FV670 til gardsveg på Galtmettet. Avkøyrselen er skilta med grønt turskilt ved ein raud postrampe. Her kjem du først til HC-parkering på høgre side rett ved turstien. Derifrå er det 0,7 km fram til kvilebu.

Utvida parkering ved Galtmettet (nytt)

Ca. 50 meter vidare inn på same gardsvegen frå Galtmettet til Nordholten har Midtnorge Gjeterhundlag ein parkeringsplass på høgre side. Vi har fått avtale om at personar som er ustødig til beins eller ikkje greier å gå frå Åsen kan parkere her når det ikkje er hundetrening. Snilt gjort!

Desse tidene kan du ikkje parkere på Gjeterhundlaget sin parkeringsplass:

  • Tysdagar etter kl. 16.00  pga. hundetrening
  • Torsdagar etter kl. 16.00 pga. hundetrening
  • Søndagar etter kl. 13.00 pga. hundetrening

Alle andre dagar og tider er det plass der.

 

Turstien har formidling og bevaring av lokalt tradisjonshandverk og freda kulturminne som utgangspunkt for innovasjon og universell utforming.

På myrområdet får du oppleve ei gigantisk brulegging/klopping i ubehandla tre: Surnadalskloppa. Den flytande konstruksjonen er tilpassa rullestolbruk, men låner kunnskap frå arbeidet med å rekonstruere ei tolking av ein kavlveg frå 1160-talet like ved. Den historiske rekonstruksjonen utgjer ein kortare del av tursti i tre som ikkje er egna for rullestol, men alle får komme tett på og sjå den.

Turlengde

Kavlvegen kultursti med kavlvegar og grusa turstiar er på litt over 3 km. I midten ligg Lomtjønna og ei romsleg kvilebu med platting. Kvilebua er bygd etter lokal tradisjon, men er tilpassa rullestolbruk både ute og inne. Retningsskilt frå dei to startpunkta viser kortaste avstand til kvilebua.

Tursesong

Kavlvegen kultursti er egna i sommarhalvåret. Når frosten kjem blir det glatt. Om vinteren kan det bli aktuelt å køyre opp enkelt skispor til kvilebua.

Gå til Kavlvegen kultursti si Facebook-side

Vis turkart og informasjonstavle (PDF, 5 MB)