Serveringsbevilling og Skjenkebevilling

Kva gjer du om du treng serverings- og skjenkebevilling?

Serverings- og skjenkebevillinger

For restaurantar, hotell, pubar eller barar som skal servere mat, og/eller alkohol.

Når treng du serverings- og skjenkebevilling?

  • Dersom du skal du starte ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om både serveringsbevilling og skjenkebevilling
  • Dersom du har serveringsbevilling frå før, søker du om å få skjenkebevilling i tillegg.
  • Dersom du overtar ein eksisterande serveringsstad må du søke om eiga bevilling seinast 30 dager etter at du inngikk avtale om overdraging.

Korleis få serverings- og skjenkebevilling?

  • Serverings- og skjenkebevillinga blir gitt til verksemda som skal drive staden
  • Alkohollova og serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel
  • Styrar og erstattar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søke om skjenkebevilling
  • Dagleg leiar må være tilsett ved staden dersom eiger av staden ikkje ivaretar den rolla.
  • Dagleg leiar må ha bestått etablererprøven for å kunne søke om serveringsbevilling
  • Styrar og erstattar må vere over 20 år
  • Styrar og erstattar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling

Korleis søke om serverings- og skjenkebevilling?


Søknad om serverings- og skjenkebevilling (ny, eierskifte eller endringer)

Vedlegg som må følge søknad om serverings- og skjenkebevilling

  • Beskriving av kor staden ligg
  • Stadfesting på bestått etablererprøve for dagleg leier og styrar på staden
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og erstattar på staden
  • Adkomstdokument, for eksempel leigekontrakt eller skjøte. Ved fremleige må du også sende inn løyve til framleige og framleigekontrakt.
  • Grunneigar sitt løyve til uteservering
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok med revisor sin stadfesting på eigarandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om bakanforliggande eigrtilhøve, for eksempel eigarar bak aksjeselskapet, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
  • Kjøpekontrakt eller annan dokumentasjon på overdraging, dersom du søker om bevilling etter eigarskifte

Kor lang tid tar det?

Søknad om serveringsbevilling blir vanlegvis behandla innan 60 dagar. Saksbehandlingstida for skjenkebevilling er ca tre månadar. Søknadane blir sendt  på høyring til politiet, sosialtenesta og Skatteetaten. Behandlingstida kan bli lengre hvis høyringsinstansane bruker lang tid, har bemerkningar til saka eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Lovar og forskrifter

Alkoholloven
Serveringsloven

Kontaktinformasjon

Harald Bredesen
Næringskonsulent
E-post
Mobil 913 78 178

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL