Tobakkssal - registrering og internkontroll

Alle verksemder som ser tobakksvarer og tobakkssurrogat (som e-sigaretter) skal sjølv registrere sine salgsstadar i Tobakkssalgsregisteret. Registrering må skje innan 31. desember 2017. Sal av tobakksvarer eller tobakkssurrogat på stadar utan registrering er ulovleg frå 1. januar 2018.

Tobakkssalssregisteret er offentleg og skal gi oversikt over:

  • lovlege salgsstadar og grossistar av tobakksvarer og tobakkssurrogat
  • kva for salgsstadar og grossistar det lovleg kan omsettast tobakksvarer og tobakkssurrogat til og fra
  • kva for salgsstadar og grossistar det skal førast tilsyn med.
 
 

Målgruppe

Det er verksemda som er juridisk ansvarleg for salgsstaden som er registreringspliktig. Dersom verksemda har fleire salgsstadar, skal kvar enkelt salgsstad registrerast.

Registreringsplikta gjeld både fast og midlertidig sal.

At alle salgsstadar må registrerast inneber at omreisande sal kun er tillatt der kvar enkelt salsstad er registrert, slik at kommunen kan føre tilsyn der salet skjer til kvar tid. Unntak gjeld for tog og skip som er kollektive transportmidlar og cruiseskip, som Helsedirektoratet skal føre tilsyn med.

Kriterie/vilkår

Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret.

Pris for tenesta

Det kostar ingenting å registrere seg i registeret. Men kommunen kan krevje ei årleg tilsynsavgift på 4500 kroner. Frå midlertidige salgsstader kan tilsynsmyndigheita krevje ei årlig avgift på 1200 kroner.

Lovar

I folkehelseloven, se kapittel 3.

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Dei som allereie sel tobakksvarer og tobakkssurrogat må registrere seg i tobakkssalgsregisteret mellom 1. november og 31. desember 2017.

Etter dette må registrering skje seinast 14 dagar før salet startar for å sikre at kommunen kan planlegge og føre tilsyn.

Innlogging skjer ved bruk av ID-porten/MinID.

For å kunne registrere på vegne av ei verksemd, må du ha ei bestemt rolle i verksemda, for eksempel dagleg leiar, styreleiar eller liknande. Alternativt kan du få delegert rettar til å registrere på vegne av verksemda.

Tobakksalsregisteret https://tbr.helsedirektoratet.no/

Les meir hos Helsedirektoratet.

Saksbehandling

Det er salsstaden sin internkontroll som er gjenstand for kommunen sitt tilsyn. Salsstadar/detaljistar plikter å etablere ein internkontroll jf. tobakksskadeloven § 5. Internkontrollen skal vere tilpassa den enkelte salsstaden og blant anna  bidra til at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket.

Kommunen kan pålegge retting og tvangsmulkt etter tobakksskadeloven § 8 eller gi salgsforbod etter tobakksskadeloven § 9.

Kommunen kan krevje ei årlig tilsynsavgift på 4500 kroner. Frå midlertidige salgsstadar kan tilsynsmyndigheita krevje ei årleg avgift på 1200 kroner.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med kommunen sitt tilsyn eller du ønsker å klage på sanksjonar du har fått, gjer du dette til Fylkesmannen. Det er folkehelseloven kapittel 3 som gjeld for din klagemuligheit.

Tenesta oppdatert: 01.11.2017 13:19

Kontaktinformasjon

Morten Betten
Skjenkekontrollør
E-post
Mobil 913 72 574
Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL