canva.com
Kva skal fondet brukast til?
Fondet skal brukast til kunnskapsinnhenting og næringsutvikling som vil komme anadrom fisk og akvakultur til gode. Fondet skal bidra til å kompensere for negative effektar havbruksnæringa har på samfunn og natur.
Vedtekter for Surnadal havbruksfond (PDF, 63 kB)
Kva kan eg få støtte til?
Eksempel på tiltak som kan få støtte:
- Habitatsforbetrande tiltak, for eksempel restaurering av sidebekkar og legge ut gytegrus
- Undersøkingar av tilstanden i fiskebestandar
- Utvikling av fisketurisme
Kva må søknaden innehalde?
Dette må du ha med:
- Beskrivelse av tiltak
- Budsjett
- Framdriftsplan
Det er ikkje sett grenser for kor stort eller lite tiltaket kan vere. Det er heller ikkje krav om eigeninnsats, men stor eigeninnsats i form av eigne midlar eller arbeidsinnsats blir vurdert positivt.
Søknader blir behandla fortløpande.
Send søknad til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller post@surnadal.kommune.no