Opplysningar om eigen eigedom
Alle har rett til innsyn i kva for opplysningar som er registrert på eigen eigedom.
Du kan finne opplysningar frå matrikkelen og grunnboka på din eigedom ved å gå inn på den nasjonale portalen Se eiendom.
Se eiendom
Eigar kan også få slik informasjon utlevert ved personleg oppmøte og framvising av legitimasjon eller informasjon kan sendast til eigar/heimelshavar si offisielle adresse.
Opplysningar om andre sin eigedom
Kartverket driv dei nasjonale registra for offentleg eigedomsinformasjon, grunnboka og matrikkelen. På Kartinnsyn Surnadal kommune eller Se eiendom hos Kartverket finn du all informasjon som etter lova fritt kan utleverast, f. eks eigedommen sitt matrikkelnummer (gnr/bnr/fnr).
Utlevering frå grunnboka skjer etter tinglysingslova og kommunane har ikkje heimel til å utlevere informasjon etter tinglysingslova. Dette betyr at kommunen f. eks ikkje kan utlevere namn på eigar av nabohytte eller tomt til deg.
Kartverket har informasjon om korleis du går fram. Du kan også kontakte Kartverket sitt kundesenter på telefon: 32 11 80 00 (kvardagar 09.00 - 15.00).
Naboliste
Naboliste blir utlevert i forbindelse med oppgåver etter matrikkellova, plan- og bygningslova eller eigarskapslova. I forbindelse med søknad om tiltak (byggesøknad, frådelings- /oppmålingssøknad, privat regulering og liknande) vil naboliste blir utlevert saman med situasjonskartet.
Situasjonskart
Situasjonskart kan utleverast til den som er eigar/rettshavar av eigedommen eller til ansvarleg søkar for tiltaket. Det må opplysast kva informasjonen skal brukast til ved bestilling (formål).
Regelverk
Grunnboka og matrikkelen inneheld personopplysningar. Deling av opplysningane er derfor omfatta av personopplysningsloven. Kartverket er behandlingsansvarleg fram til opplysningane er utlevert. Kva opplysningar du har rett til å sjå er regulert i utleveringsforskriften § 3 (1). Retten til utlevering er også begrensa av offentlighetsloven § 9.
Utleveringsforskriften
Veiledar til utleveringsforskriften
Kartverket si personvernerklæring