Skyssretten gjeld mellom eleven sin heim og eleven sin nærskule. Nærskulen er den skulen som ligg i den kretsen der eleven er folkeregistrert.
Skuleskyssordning for Surnadal kommune. Gjeld frå 1.8.19:
Skulevegane i Surnadal er delte inn i 2 grupper etter faregrad:
Gruppe 1:
Holten/Røv, Ranes, Hyldbakk – Pestutrøa
Hakstad Todalsvegen – frå Sollivegen til Åsbøhaugane
Åskardvegen (frå Øye skule til Øvre Berset )
Brandsnesvegen/Syltørvegen
Hamnesvegen – frå Naustbakkan til Syltkrysset
Gruppe 2:
Resten av skulevegane
I tillegg til dei som har rett på fylkeskommunal skyss etter reglane i Opplæringslova, det vil seie elevar i 1. trinn som bur med meir enn 2 km frå skulen elevar i 2. til 10. trinn som bur meir enn 4 km frå skulen, yter Surnadal kommune fri skyss til desse elevane:
- Alle elevar i 2. årstrinn med skuleveg på 2 km eller meir
- Alle elevar i 1. årstrinn som må ferdast langs veg i gruppe 1 utanom gards-, gang- og sykkelveg
- Alle elevar i 2. – 7. trinn som må ferdast 1 km eller meir etter veg i gruppe 1 utanom gards, gang og sykkelvegar
- Alle elevar i 8. -10. årstrinn som må ferdt 2 km eller meir langs veg i gruppe 1 utanom gards, gang og sykkelvegar
- Det blir presisert at det ikkje blir gjeve fri skuleskyss ved bruk av Kulturskuletilbod og SFO før og etter ordninær skuletid
- Alle elevar frå Ranesgrenda frå 1. til og med 10. årskull får fri skuleskyss