Busetting

Integreringstenesta er ansvarleg for å busette det antalet flyktningar som kommunestyret til kvar tid bestemmer at kommunen skal ta i mot. 

Kva tilbyr vi?

Busettingsarbeidet inneber å skaffe egna bustader til den enkelte flyktning eller flyktningfamilie, innkjøp av utstyr og møblar, tilrettelegging og veiledning i den første tida i kommunen. Arbeidet inneber også å koordinere samarbeid mellom NAV, helsetenesta og andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Kven kan motta tenesta?

Alle flyktningar som blir busett i Surnadal kommune etter avtale med IMDi,  får støtte og rettleiing i busettingsprosessen.