Fritid og aktivitetar for flyktningar

Surnadal kommune jobber aktivt for at flyktningar kan være med på fritidsaktiviteter.

Kva tilbyr vi?

Integreringstenesta ønsker å legge til rette for at barn, unge og vaksne skal få moglegheit til å ha ei aktiv fritid.

Barn og unge under 18 år får i ein fem-års periode dekt utgiftene til ein fritidsaktivitet.

Vi samarbeider med frivillige lag, organisasjonar og kyrkjelydshuset i Surnadal som ønskjer å bidra med integreringsarbeidet.

Kvar måndag frå 18.30 – 20.00 er det Språkkaffe i regi av Folkeakademiet. Dei inviterer alle som har moglegheit til å komme å slå av ein prat i lokala til Surnadal frivillighetssentral (Skeivegen 4).