Introduksjonsprogrammet

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringsprogram som skal forberede til deltaking i det norske arbeidslivet.

Kven gir tilbodet?

I Surnadal kommune er det integreringstenesta som har ansvaret for Introduksjonsprogrammet for nyankomne flyktningar. Surnadal vaksenopplæring har ansvaret for undervisninga i: norskgruppene, grunnskole, yrkesretta løp og kurs i samfunnskunnskap.

Kven skal ha tilbodet?

Alle flyktningar mellom 18 og 55 år som kjem til Norge skal delta i introduksjonsprogrammet. Det same gjeld familiemedlemmar som seinare kjem til landet. Rett og plikt til deltaking gjeld berre personar som bur i kommunen som følge av avtale mellom utlendingsmyndigheit og kommunen. Ugyldig fråvær gir trekk i stønad og kan føre til midlertidig eller fast stans av programmet.

Introduksjonsprogrammet gjeld ikkje for nordiske borgarar og utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen.

Kva tilbyr vi?

Gjennom dette programmet vil du lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil også få prøve deg i arbeidslivet. Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg ut i jobb eller utdanning, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk.

Du får

  • tett oppfølging
  • praktisk opplæring i norsk språk og samfunn
  • hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid
  • økonomisk støtte tilsvarande to gonger Folketrygdens grunnbeløp.

Kor lenge varar programmet?

Programmet er på heiltid, som ei vanleg arbeidsveke (37,5 timer per uke) og heilårleg (5 uker ferie per år), og varar i inntil to år. Ved særleg behov kan det utvidast til tre år. 

Innhald og reglar på fleire språk

Deltakara ri målgruppa for integreringsloven kan no få oversikt over innhald og reglar for introduksjonsprogrammet - på sitt eige språk. Den nye brosjyren er oversett til fleire språk og det er laga lydfiler for deltakarar med svake leseferdigheiter.

Informasjonsbrosjyrer på ditt språk på IMDis nettsider.