Norskprøvar

Om norskprøvane

For dei som har rett og plikt til norskopplæring er det obligatorisk å gå opp til avsluttande prøve.

Norskprøvane blir arrangert 4 gonger i året, i mars, mai/juni, september og november/desember. Les meir på nettsida til Kompetanse Norge.

Kva kostar det?

Kandidatar med rett og plikt til norskopplæring får ein skriftleg og ein munnleg prøve gratis. Ut over dette kostar dei ulike prøvene følgjande:

  • Norsk munnleg: 700kr
  • Norsk skriftleg (alle tre delprøver): 800kr
  • Norsk skriftleg (delprøver enkeltvis): 500kr

Korleis melde seg på?

Du kan ta kontakt med vår rådgjevar, eller melde deg på via nettsida til Kompetanse Norge.