Rett og plikt til gratis opplæring
Desse gruppene har rett og plikt til 600 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap:
- Personar med opphald ut frå asylstatus, humanitært grunnlag og kollektivt vern
- Familiegjenforeining med ovannemnde
- Familiegjenforeining med norske eller nordiske borgarar
Plikt til opplæring, men ikkje gratis rett
Desse gruppene får ikkje rett til gratis opplæring, men har plikt til å gjennomføre 300 timar i norsk og samfunnskunnskap for å få busettingstillating (permanent opphaldsløyve) eller norsk statsborgarskap:
- Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS/EFTA-området
- Personar som kjem til landet på grunn av familiegjenforeining med desse
Kan få opplæring mot betaling
Studentar, au pairar, andre med midlertidig opphald, nordiske borgarar og personar med opphald etter EFTA/EØS-regelverket fell utanfor ordninga med rett og plikt til opplæring. Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift.