Telefonvarsling

Nokre gongar oppstår det situasjonar som gjer at vi ønskjer å varsle deg raskt, eller vera sikre på at du har mottatt beskjeden frå oss. 

Da blir du varsla via telefon, og du mottar ein SMS eller ei talemelding (for deg som berre har fasttelefon) med nødvendig informasjon.

Sjekk om du får varsel

På nettsida servicevarsling.no kan du sjekke om du er registrert med riktig telefonnummer og adresse. Er du ikkje, kan du sjølv gå inn og endre.

Pinkode

Du klikkar på Sjekk din oppføring, oppgir hjemkommune og mobiltelefonnummeret ditt. Da vil du få tilsendt ein pinkode på telefonen. Den loggar du deg inn med. Dersom du treng hjelp til dette, kan du kontakte servicetorget i Surnadal kommune måndag-fredag kl. 9-15. Husk å ha med telefonen du ønskjer varsler til, slik at dei får tak i pinkoden som dei treng for å endre opplysningar for deg.

Pårørande

Du kan legge inn fleire adresser du vil bli varsla om, også i andre kommunar som brukar systemet. Du kan registrere både heimeadressa di, adressa til fritidsboligen og adressa til andre du vil ha varsel om vannavstenging hos, for eksempel hvis du har gamle foreldre som bur heime, eller du har eit firma du vil ha varsel om på privattelefonen din.

Korleis finn vi deg?

Vi nyttar tre ulike register for å nå ut med informasjon og varsel til deg:

  1. Privatpersonar: DIFIs kontaktregister (Altinn). Vi tilrår deg å leggje inn ditt mobiltelefonnummer og di epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Når det offentlege skal kontakta deg, blir din kontaktinformasjon som oftast henta herfra, for eksempel når det gjeld sjølvmeldinga..
  2. Verksemder: Bedriftsregisteret på 1881.no. Her kan bedrifter med organisasjonsnummer logge seg inn via mobilnummer og oppdatere kontaktopplysninger.
    Verksemder kan med fordel registrere nøkkelpersoner/kontaktpersoner på servicevarsling.no. Du kan registrere opptil 6 mobilnummer per adresse. 
  3. servicevarsling.no. Dette kan du nytte dersom du ønskjer å motta varsel for ei verksemd (kontaktperson) eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på (pårørande).

 

Har du ikkje blitt varsla?

 

Kva kan du gjere?

Oppdater opplysningene dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Dersom du bur på ein annen stad enn der du er folkeregistrert, kan du  registrere dette på nettsida servicevarsling.no

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00