Kart og påvisning av eksisterende leidningsnett

Kart og påvisning av eksisterande kommunale vass- og avløpsrør i Surnadal kommune.

Surnadal kommune oppmodar alle som planlegg å byggje om å ta kontakt for å undersøkje om muleg eksisterande vass- og avløpsrør i grunnen før gravearbeida startar. Kommunen har digitalt kart over det kommunale leidningsnettet, og vil kostnadsfritt oversende kart, og ved behov utføre påvising.

Surnadal kommune er i utgangspunktet ikkje ansvarleg for stikkleidningar for vatn og avløp innanfor privat eigedomsgrense.

Bestilling av kart, og ved behov påvising av eksisterande anlegg, må avtalast i rimeleg tid før oppstart. Hugs å gje opp Gards- og Bruksnummer for eigedomen som det gjeld.

Kontaktinformasjon

Michal Kalseth Heimlund
Driftsleiar vatn og avløp
E-post
Mobil 908 83 091

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL