Kommunale avløpsanlegg

Avløpsreinsing og avløpsnett i Surnadal kommune

Avløpsreinsing og avløpsnett

Avløp blir samla opp og reinsa for å unngå sjukdom, forureining av nærmiljøet og sikre vassforekomstar. Avløpsvatn er vatn som er brukt i hushaldningar, industri og anna verksemd, og som må transporterast bort og reinsast forsvarleg før utslepp til naturen igjen. Slammet frå avløpsreinseprosessen blir gjenbrukt i stor grad som gjødsel og jordbetringsmiddel i jordbruket og på grøntareal, etter å ha gjennomgått behandling og kvalitetskontroll i tråd med krav i gjødselvareforskrifta.

I nedre del av Surnadal blir avløpsvatnet transportert til silanlegget på Syltøran for reinsing. Transportsystemet inkluderer 25 pumpestasjonar fram til anlegget, som deretter nyttar en mekanisk reinseprosess for behandling.

Surnadal kommune har i tillegg 25 kommunale slamavskiljarar lokalisert rundt heile kommunen for oppsamling av avløp. Desse blir tømt regelmessig av HAMOS for Surnadal kommune.

For distribusjon av vatn og transport av avløpsvatn har Surnadal kommune ansvar for 250 000 m vassleidningar, 110 000 m avløpsleidningar, inklusive fellesleidninger for overvatn og avløpsvatn, og 52 000 m overvassleidninger. I tillegg kjem det private stikkleidningsnettet til og frå bygningane.

Private slamtankar blir administrert av HAMOS for Surnadal kommune.

Kontaktinformasjon

Terje Forberg
Einingsleiar Kommunalteknikk
E-post
Mobil 900 13 594
Michal Kalseth Heimlund
Driftsleiar vatn og avløp
E-post
Mobil 908 83 091

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL