Hardhetsgradar på kommunalt drikkevann i SurnadalI samband med installasjon av ein del vaske- og oppvaskmaskiner, samt ein del andre kjøkkenmaskiner, tilrår vi tabellen her som referanse Hardhetsklassar Vatnets hardhetsklassar Tyske hardhetsgradar dH Kalsium mg/l Ca Meget bløtt vatn 0 – 2,1 0 – 15 Bløtt vatn 2,1 – 4,9 15 – 35 Middels hardt vatn 4,9 – 9,8 35 – 70 Hardt vatn 9,8 – 21 70 – 150 Meget hardt vatn 21 + 150 + Drikkevassforskrifta Drikkevassforskrifta stiller ikkje krav til maksimalt innhald av kalsium, magnesium eller total hardhet i vatnet, da det ikkje er helsemessige ulemper knytt til hardt vann, berre bruksmessige. Tvert imot tyder undersøkingar frå fleire land på at befolkninga er mindre utsett for hjerte-/karsjukdomar i område med hardt vann enn i område med bløtt vatn. Kalsium i drikkevatnet gir også mindre problem med korrosjon i vassleidningsnettet, og det er difor ønskjeleg at kalsiumkonsentrasjonen ikkje er for låg. Eit optimalt innhald av kalsium vil normalt liggje mellom 15-25 mg Ca/l. I dette området vil ikkje dei bruksmessige problema vera vesentlege, samtidig som andre omsyn som korrosjonsproblem blir ivaretatt. Magnesiuminnhaldet bør vera lågare enn 10 mg Mg/l, noko det normalt er i Norge. Hardheta i vatnet blir i Norge normalt oppgitt i tyske hardhetsgradar (dH°) eller i mg Ca/l. Omrekningsfaktoren mellom hardhetsgradar og kalsium er 7,14. (Dvs. at 1 dH° = 7,14 mg Ca/l). Det varierar litt korleis laboratoria og faglitteraturen delar inn i hardhetsklassar, men vi refererer her eit eksempel på muleg inndeling: Sist endret 22.02.2023 10:51