Søk om gravetillatelse

Her finn du informasjon om hva du må gjere dersom du ønskjer å grave på kommunal grunn.

Kven må søke om gravetillatelse?

Dersom du skal grave nær eller inntil kommunal veg må du søkje om gravetillatelse. Vi anbefalar at du og søkjer ved graving utanom vegn, slik at du får oversikt over alle ledningar som finnes i området, samt at gravinga blir registrert for ettertida.

  • Som veg blir det og rekna fortau, snuplass, opplagsplassar, holdeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i forbindelse med veg.
  • Kommunal veg omfattar i denne forbindelse og privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkformål.

Kva må eg gjere?

  • Søknad om graving og sanitærmelding er digitalisert.
  • Gravemeldingstjenesta i Geomatikk gir informasjon om leidningsnetta.

Er du privatperson:
Telefon:  / e-post: 915 09 146 /  gravemelding.trondheim@geomatikk.no

Er du entreprenør:

Kundeportal på www.gravemelding.no

 

Er det muleg at grunnen kan være forurensa?

Tiltakshavar plikter å vurdere og eventuelt undersøkje om det er forurensa grunn i området.

Skal du arbeide i eit område med framande planteartar?

Når det blir gravd og jordmassar blir flytta, må ein sjå til at ein ikkje sprer uønska framande planteartar.

Jordmassar og plantemassar infisert med framande artar skal handterast på ein forsvarleg måte i henhald til § 28 Aktsomhetsplikten i Naturmangfoldloven og Forskrift om framande organismar.

Når eit arbeid skal planleggast skal området gjennomgås for uønska framande planteartar. Om det finnes uønska planteartar skal det utarbeidast ei tiltaksplan for uønska artar og leverast kommunen for godkjenning.

Annen relevant informasjon

Ved graving i eller ved riks eller fylkesveg må du ta kontakt med statens Vegvesen

Kontaktinformasjon

Michal Kalseth Heimlund
Driftsleiar vatn og avløp
E-post
Mobil 908 83 091
Gunnar Bøe
Oppsynsmann veg
E-post
Mobil 482 40 738
Kommunalteknikk
Telefon 71 65 58 60

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00