Brøyting og strøing

Kommunen har ansvar for brøyting og strøing av kommunale vegar

Kven utfører brøytinga?

Som for anna vegvedlikehald er og snøbrøyting/sandstrøing sett bort til private entreprenørar. I alt har vi kontrakt med 27 entreprenørar for å utføre dette arbeidet.

Prioriteringar

Gang- / sykkelvegane har i utgangspunktet høgste prioritet for brøyting og strøing, og brøyting av hovudvegar skal skje før stikkvegane blir brøytte.

Når blir det brøyta?

Snøbrøyting av vegane skal normalt ikkje starte før snødjupna er minst 10 cm. Om spesielle tilhøve tilseier det, til dels våt/tung snø, kan brøyting starte tidlegare.

Alle vegar skal vere gjennombrøytte innan kl. 06.00.

Kontaktinformasjon

Gunnar Bøe
Oppsynsmann veg
E-post
Mobil 482 40 738
Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00