Vegarbeid og vedlikehald

Vegvedlikehaldet på kommunale vegar blir utført av eininga Kommunalteknikk, og nær alt av dette arbeidet blir utført av private entreprenørar. Kommunen har ikkje eigen maskinpark for å kunne utføre dette.

Kva ansvar har kommunen

Kommunen har ansvar for kommunale vegar og gangvegar.

Klassifisering av vegar

Vegnettet i Norge er delt inn i følgjande 4 kategoriar med tilhøyrande ansvar:

  • Riksvegar : Statens Vegvesen
  • Fylkesvegar : Statens Vegvesen
  • Kommunale vegar : Kommunen
  • Private vegar : Private vegeigarar / grunneigarar.