17. mai i Surnadal

Slik feirar vi 17. mai i sentrum og grender i 2024.

Program i sentrum

Kl. 11.00 Gudsteneste i Øye kyrkje

Kl. 12.15 Tog frå Øye stadion via sjukeheimen til Surnadal kulturhus.

Oppstilling:

  1.  Hovudfana
  2.  Flaggborg
  3.  Surnadal skulekorps
  4.  Surnadal barne- og ungdomsskule, med føresette og søsken bak
  5.  Surnadal hornmusikk
  6.  Barnehagane
  7.  Surnadal vidaregåande skule
  8.  Lag, organisasjonar og alle andre

Ved Surnadal kulturhus 

Sal av is, pølse, kaffe og kake.  Filmvisning i kinosalen for dei minste. 

Ungdomsrådet er 17. maikomite under leiing av Ida Mo.

Biltog frå Øye - ny rute

Kl. 15.00: Alt som kan rulle går frå Øye, om Røtet, svingar opp gammel-Grytå,  ned til Miljøgata gjennom Skei, via sjukeheimen, tilbake nedover Miljøgata, til siste stopp på Alti kjøpesenter.

Program i heile kommunen

Som vanleg legg mange eldsjeler ned ein stor innsats og lagar lokale feiringar i heile kommunen vår. Gå til Facebook-sida 17. mai i Surnadal for full oversikt over alle arrangement. 

Vi ønsker små og store ein heilt nydeleg 17. mai med sydenvarme og rikeleg med kald drikke og is!

Bilde av barnebunad som heng på ei grein. - Klikk for stort bilde Surnadal kommune