Trafikksikringsplanen for Surnadal kommune 2006 – 2009 skal no rullerast

Trafikksikringsplanen skal legge føringar for trafikksikringsarbeidet i kommunen.

Planen skal gi ei oversikt over situasjonen i Surnadal kommune med tanke på trafikkulykker og trafikksikringstiltak. Planen skal liste opp ønska fysiske tiltak på kommune- og fylkesvegane som kan betre trafikksikkerheita i kommunen. Ei liste over haldningsskapande tiltak i planperioden vil og vera ein del av planen.

Vi ber om innspel til tiltak som kan vere med å betre trafikksikkerheita i kommunen. 

Merknader skal sendast Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, eller som e-post til: post@surnadal.kommune.no innan 01.05.18.

Endeleg planutkast vil bli lagt ut på høyring.

Vedlagt er planen frå 2006 – 2009 og ei oversikt over kva som er gjennomført av han.

Trafikksikringsplan 2006-2009 (PDF, 2 MB)

Trafikksikringsplan 2006-2009 gjennomført (PDF, 325 kB)