Kommunal bustadDu kan søkje om å leige kommunal bustad dersom du ikkje klarer å skaffe deg bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp. Du kan og søkje om kommunal bustad dersom du treng særleg tilpassa bolig på grunn av alder, rørsle- eller utviklingshemming.Kommunal bustad er eit midlertidig tilbod. Du kan bruke tida du leiger bustad til å planlegge korleis du vil bu i framtida. Kva kan du søkje om? Oppfyller du krava kan du få tilbod om leige av ein kommunal bustad. Bustadane har ulik standard og størrelse.Kommunen tilbyr også tilrettelagte bustader - omsorgsbustader Krav til søkar For å søkje kommunal bustadmå du ha lovleg opphaldstillatelse i Norgemå du ha vore folkeregistrert i Surnadal kommune i to år (unntak for flyktningar) vere fylt 18 årvere utan bustad no eller at noverande leigeforhold opphøyrer innan 6 månader utan mulegheit for fornyingmå du dokumentere at du ikkje har økonomiske midlar til å skaffe bustad ikkje vere i stand til å skaffe deg bustad på annan måte, eller trenge ein tilpassa bustadDersom du oppfyller grunnvilkåra til å få kommunal bolig, vil kommunen gjere ei prioritering mellom de søkarane som har størst behov. Det er difor ikke sikkert at du vil få kommunal bustad sjølv om du oppfyller grunnvilkåra. Kva kostar det? Husleiga er basert på det som til ei kvar tid er lågast av gjengs leige og marknadsleige. Dette varierer med størrelse og kor bustaden ligg. Som leigetakar kan du søkje om bustøtte. Dette kan gi deg lågare bu-utgifter. Slik søkjer du Vi har tatt i bruk Husbanken si løysing (KOBO) for handtering av kommunal bustader.Søknaden går da rett inn i Husbanken si løysing der saksbehandlar tek vidare behandling. Lenke til digitalt søknadssskjema Behandling av søknader Vi behandlar søknaden så snart som mogleg.Vi vurderar om du oppfyller grunnvilkåra for kommunal bustad. Er det fleire søkarar enn ledige bustader, må vi prioritere mellom søkarane med størst behov. Du får tilsendt eit skriftleg svar om du har fått innvilga eller eventuelt avslag på søknaden din. Leigeavtale Vi skriv leigeavtale på inntil tre år.Tidspunkt for signering og utlevering av nøklar skjer i samråd med boligforvaltar. Klage Klagen kan sendast til den instansen som har fatta vedtaket. Klagefrist er 3 veker frå det tidspunktet informasjonen om vedtaket er kome fram til søkaren. Vedtak om kommunal bustad kan påklagast til HTU (Hovudutval for tenesteutvikling) som er kommunen sin klageinstans. Sist endret 10.12.2024 11:42