Folkehelse

Surnadal kommune har eigen folkehelsekoordinator. Her finn du informasjon om arbeidet med god folkehelse i vår kommune.

Kva er folkehelse?

Folkehelse er helsetilstanden i befolkninga, fordelt mellom ulike sosiale lag. Det er mange faktorar som påverkar folkehelsa på samfunnsnivå. Folkehelsa er påverka av livet vi lever i barnehage, skule, på arbeid og i nærmiljøet. Får vi lagt eit godt grunnlag frå vi er små, stiller vi gjerne sterkare, sjølv om vi kan ha forskjellig utgangspunkt og møte ulike utfordringar gjennom livet. 

Kva gjer kommunen?

Surnadal kommune ønskjer ei sunn og frisk befolkning og satsar på langsiktig og kunnskapsbasert folkehelserbeid. Alle einingar i kommunen samarbeider om å skape ei berekraftig samfunnsutvikling. Både næringsliv og frivillig sektor er viktige samarbeidspartnarar i eit systematisk arbeid med folkehelsa til innbyggarane våre. Folkehelsearbeid er relevant for nesten alle FNs 17 berekraftsmål. 

Surnadal kommune har eigen folkehelsekoordinator i 50% stilling som skal følge opp målretta og systematisk innsats for folkehelsa i tråd med samfunnsdelen i kommuneplanen. Kontaktinformasjon til folkehelsekoordinator Trine Glåmen finn du til høgre på sida. 

Friskliv og meistring er eit lokalt tilbod for deg som ønskjer støtte til endring av levevanar og betre meistring i kvardagen.

Korleis er folkehelsa vår?

Innbyggarar med god helse, trivsel og høg grad av samfunnsdeltaking er kommunen sin viktigaste kapital. Det aller viktigaste folkehelsearbeidet skjer i lokalsamfunnet der vi lever liva våre og legg grunnlaget for helsa vår.

Les meir om dette i kommunen sitt grunnlagsdokument Folkehelsa i Surnadal kommune 2021

Folkehelseprofil 2023

Folkehelseinstituttet utarbeider årleg Folkehelseprofil basert på statistikk og data om kommunane. Her er FHI sin Folkehelseprofil for Surnadal 2023 (PDF, 2 MB)

Ungdata 2022

Ungdata er lokale barn- og ungdomsundersøkelsar der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva de driv med på fritida. Dei som svarar på undersøkelsen får spørsmål om foreldre, venner, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel.  

På ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring er det også med spørsmål om rusmiddelbruk, seksualitet, risikoatferd og vald. Spørsmåla i Ungdata dekker heilskapen i livet til barn og ungdom. 

Ungdata junior 5. - 7. trinn Surnadal kommune 2022

Ungdata ungdomsskule Surnadal kommune 2022

Ungdata vidaregåande skule Surnadal kommune 2022