Helseplattformen

Helseplattformen er ei felles journalløysing for heile helsetenesta i Midt-Norge. 

Betre informasjonsflyt for innbyggar og helsepersonell

For å gi deg god helsehjelp må rette helsepersonell ha rett informasjon om deg til rett tid. I dag er informasjon om deg lagra i ulike system, som ikkje automatisk snakkar saman, f. eks på helsestasjon, i heimetenesta, hos fastlege eller på sjukehuset.  

Helseplattformen er ei ny samhandlingsløysing for heile helsetenesta i Midt-Norge. Helseplattformen består av eit felles journalsystem for helsetenestene og ein tilhøyrande innbyggarportal - HelsaMi. 

Helseplattformen har som målsetting å gi auka kvalitet i pasientbehandling, betre pasienttryggleik, meir brukarvennlege system og dermed sette helsepersonell i stand til å utføre sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte. 

Vil du vite meir om Helseplattformen?

Gå til spørsmål og svar om Helseplattformen

Innføring av Helseplattformen i Surnadal kommune

Helseplattformen er eit stort samhandlingsprosjekt som vil påverke mange, både tilsette i helsevesenet, pasientar og brukarar. 

Interessentar og innbyggarar blir informerte om konkrete endringar dei blir berørte av når dette blir aktuelt.