Støttekontakt

Støttekontakt er ei lovfesta teneste/kommunal ordning som blir gitt til deg som har behov for hjelp til å få ei meiningsfull fritid.

Visse kriterie må vere oppfylt for å få innvilga støttekontakt.

Kva kan ein støttekontakt hjelpe deg med?

Støttekontakten kan kome på besøk til deg, bli med på kafe, kino, trening, kulturelle arrangement eller andre sosiale aktivitetar.

Støttekontakten kan hjelpe deg i sosialt samvær og ulike aktivitetar. Støttekontakten kan bidra til at du bli meir trygg på deg sjølv, at du betre kan takle ulike livssituasjonar og vere meir saman med andre. Ta kontakt dersom du meiner du har behov for støttekontakt.

Kva kostar det?

Støttekontakttenesta er gratis.                                                                 

Dersom støttekontakten skal vere saman med deg på kino, konsertar, kafe og liknande, må du dekke alle utgiftene i forbindelse med dette. 

Informasjon til deg som vil jobbe som støttekontakt:

Det er ikkje krav om formell utdanning for å vere støttekontakt.                                                                                 

Sjølv om det ikkje er noko krav i lovverket, må støttekontakten ha fylt 18 år for å vere moden nok til å ta ansvar for andre personar. Aldersgrensa følgjer av ansvarstyngde som følgjer oppdraget. 

Støttekontakten blir lønna etter kommunen sitt vanlege lønssystem. Ta gjerne kontakt dersom dette kan vere noko for deg.