Kva kan vi tilby?
- Langtidsavdeling med 24 rom.
- Bu- og avlastningsavdeling med til saman 21 rom, 12 langtidsrom og 9 korttidsrom. Av korttidsplassane utgjer 3 av romma observasjonspost, innkludert eit tilrettelagt rom for palliativ pleie.
- Kåret, avdeling for personar med demens med 16 rom. I tilknytning denne avdelinga er det ein sansehage.
Elles har sjukeheimen eit institusjonskjøkken, samt vaskeritenester under same tak.
Kven kan få tilbodet?
Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester.
Med utgangspunkt i ditt behov for hjelp og ei fagleg vurdering frå kommunen, sett i samanheng med kommunen sitt tenestetilbod, blir det fatta vedtak om kva type hjelp og kor stort omfang av hjelpa som kan ytast.