Tidlegpensjon for jordbrukarar

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere rekruteringa.

Kven kan få tidlegpensjon?

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få tidlegpensjon. Men det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Ein føreset også at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

Sjå fullstendig oversikt over kriteria m.m på Landbruksdirektoratet sine sider.

Korleis søkje?

For å få tidligpensjon må du sende søknad på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Skjemaet kan du laste ned frå www.landbruksdirektoratet.no eller du kan få det ved å kontakte fylkesmannens landbruksavdeling. Der kan dei også svare på spørsmål om ordninga. Søknaden sender du til fylkesmannen, som behandlar og avgjer søknaden.

Skjema

Direktelenke til søknadsskjema på Landbruksdirektoratets sider.