Køyring på bar mark

Dersom du skal bruke motorisert køyretøy i utmark på bar mark utover det som har direkte heimel i lovverket, (og dermed ikkje søknadspliktig), må det søkast om dette. På grunn av fare for skadar på terrenget er lovverket strengt på dette området.

Søknadar om køyring på bar mark skal behandlast i tråd med §6 i nasjonal forskrift. Verd å merke seg om dette er:

  • søkaren må påvise eit særleg behov,
  • behovet må ikkje vera knytt til turkøyring,
  • behovet må ikkje kunne bli dekt på annan måte,
  • behovet må vurderast i høve til faren for mulege skader og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.

Her finn du nyttige opplysningar og søknadsskjema