Nyttige opplysningar

Motorferdsel i utmark og vassdrag er i utgangspunktet forbode, men regelverket opnar for transport til ei rekkje nytteføremål. Fleire av desse kan skje utan søknad, medan nokre føremål berre kan skje etter at du har søkt og fått løyve frå kommunen. Her finn du diverse opplysningar om lovverket og korleis det blir praktisert i Surnadal. Her er også link til eit enkelt kartprogram for å lage kart som skal leggast ved søknadane.

Regelverket og praktisering i Surnadal

I Surnadal har vi eigne kommunale retningsliner for motorferdsel i utmark (PDF, 594 kB).  

Retningslinene er vedtatt av kommunestyret. Desse gir nokså detaljerte føringar for kva som kan tillatast, utover det som lov om motorferdsel i utmark og vassdrag og nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag opnar for.

Dei kommunale retningslinene har dei siste åra blitt vedtatt for fire år om gongen, og alle løyver for transport til private hytter følgjer 4-årsperioden. Alle løyver går ut samtidig med at retningslinene blir forelda etter 4 år. Ved vedtak av nye må alle som vil ha løyve til køyring til hytte søke på nytt, og etter kvar vinter skal utførte turar rapporterast til kommunen. Vi har ingen søknadsfrist for desse søknadane, men om vinteren vil det ikkje gå mange dagar før du får svar på innsendt søknad.

Unngå avslag og forsinkelsar

Det er mykje du kan gjere for å unngå avslag eller lang saksbehandlingstid. Det er vanleg at søknader manglar informasjon. All relevant informasjon må opplysast ved kvar søknad. 

For å unngå avslag bør du lese nøye gjennom den informasjonen vi gir her på nettsida. 

Mange skriv opp for mange kjøyrarar. Det er kun tre personar som kan bruke eit løyve for å kjøyre utstyr til hytta, inkludert den som søkjer.

Enkelte søkjer om noko som ikkje fell inn under motorferdselforskrifta § 5. Eksempel på dette er at ein søker om transport av personar for tilsyn av hytte eller for ATV med belte i staden for snøskuter. Dette kan resultere i at kommunen manglar lovheimel for å gi løyve eller at søknaden skal behandlast under motorferdselslova § 6, der det er betydeleg større krav for å godkjenne søknad.

Søkjer du om andre formål enn å transportere utstyr, ved eller person med funksjonsnedsetting til  hytta må du skrive kor mange turar du treng og kvifor du treng dei.

Dårleg trasé er òg grunn til avslag. Søk om så skånsam trasé som mogleg der motorferdsel kan kanaliserast til faste ruter. Ein bra trasé går frå næraste parkeringsplass langs vegar og traktorstiar før den eventuelt vik av så seint som mogleg til destinasjonen. Om du må ta ein omveg burde du motivera kvifor du ikkje kan køyra kortaste veg og følgja vegar.Du kan få løyva til ein alternativ trasé. Då må du beskriva kva du skal bruka som første alternativ og under kva forhold han ikkje er mogleg å bruka.

For å få løyve som person med funksjonsnedsetting til å køyre til hytte må du oppfylle tre kriterium: Du må ha legeattest, funkskjonsnedsettelsen må vere varig og funksjonsnedsettinga må ikkje skuldast alderdom. 

Mangel på legeerklæring med tilstrekkeleg informasjon kan gjere at søknaden din blir sett på vent til du har ettersendt dette.

Får du avslag og det ikkje er mogleg å forbetre søknaden for å få løyve, kan du eventuelt bruke leigekøyrarar.

Informasjon om leigekøyring

Kart til søknad om motorferdsel i utmark

For best mulig dokumentasjon skal det følgje eit kart med alle søknadar om motorferdsel i utmark, sjølv om du bruker same trasé som tidlegare år. Her skal omsøkt kjøretrase markerast, eventuell start- og landingspunkt ved bruk av helikopter.

Det må visast tydeleg kvar du skal køyra, også når kartet er skrive ut. Satellittbilete viser sjeldan infrastruktur og terrengformasjonar tydeleg, dei har dessutan få stadnamn. Det er derfor ikkje tilrådd å bruka satellittbilete. Bruk eit kart ned god detaljrikdom.

Send med gode kart som kan brukast i kjøyrebeviset ditt.. Slik går kontrollar raskare og ein reduserer risikoen for misforståingar med politiet og Statens naturoppsyn.

Her er link til eit kartprogram med ein enkel teikne- og utskriftsfunksjon. Kartet blir lagra i A4-format og skal leggast ved det elektroniske søknadsskjemaet som PDF-fil.   

Framgangsmåte

  • Zoom inn slik at du ser området du skal køyre i så detaljert som muleg.
  • Velg Verktøy oppe i venstre hjørne. Vel så Tegne. Videre klikkar du på Linje.
  • Klikk så i startpunktet, og vidare fleire stadar i kjøretraseen. Dobbeltklikk der køyretraseen sluttar. Om linja ikkje er kvar når du dobbeltklikka må du lasta sidan på nytt.
  • Vel så Lagre og skriv ut. Pass på at køyretraseen ligg innafor A4-arket som er det lyse feltet midt på skjermen. Skyv eventuelt slik at han kjem innafor.
  • Vel Skriv ut og lagre fila.

Krav til aktsom køyring

Ifølgje motorferdsellova §8 skal motorferdsel i utmark og vassdrag gå føre seg aktsomt og hensynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneskje. Dette gjeld både for ferdsel som er direkte tillatt etter lov og forskrift og for ferdsel som krev løyve frå kommunen. Ferdsel i utmark skal altså ikkje medføre unødvendig skade på grunn, vegetasjon og dyreliv eller ulempe for andre, og for øvrig ikkje unødig forstyrre eller forureine naturmiljøet.

Grunneigarar og motorferdsel i utmark

Det generelle forbodet mot bruk av motoriserte kjøretøy i utmark gjeld også for grunneigar. Reglane i lova, nasjonal forskrift og dei lokale retningslinene gjeld på akkurat same måte for grunneigar, som for andre.

Grunneigar kan med heimel i §10 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag nekte eller avgrense motorferdsel i utmark på sin eigedom . Redningsteneste som skjer i medhald av nødrettsreglane er imidlertid unnateke.

Dersom ein grunneigar vil nekte eller avgrense motorferdsel på sin eigedom, er dette eit privatrettsleg forhold mellom grunneigar og han/ho som utøver motorferdselen. Dette betyr at det er han/ho som til dels køyrer snøskuter til eiga hytte som skal avklare om det er ein eller fleire grunneigarar langs køyretraseen som nektar kjøring på sin eigedom. Kommune gjør merksam på dette i alle løyva vi gir ut. Grunneigar har likevel også eit visst ansvar for å informere om eventuelle avgrensingar til dei det gjeld.  

Motorferdsel i verneområde

Kommunen forvaltar motorferdselslova og motorferdselsforskrifta. Det betyr at vi vurderer om ein søknad er i tråd med dette regelverket.  

Søkjer du om løyve til motorferdsel i eit verneområde må søknaden vurderast i forhold til verneforskrifta. Du finn verneforskrifta på Lovdata.no. I nokre naturreservat er motorferdsel på snødekkt mark tillate, men i  blant annaTrollheimen landskapsvernområde må ein søkje for å få lov.

Det er ikkje kommunen som behandlar søknader etter verneforskrifta, men verneområdestyret eller statsforvaltaren. Søknaden skal likevel sendast til kommunen på vanleg vis.

For at søknaden din raskast muleg kan bli sendt vidare, sender du i tillegg ein e-post til staffan.sandberg@surnadal.kommune.no med melding om at du har søkt om køyring i eit verneområde. 

Skal du søke?

Før du går til søknadsskjemaet under ber vi deg om å lese informasjonen på denne siden og andre sider om motorferdsel som er relevante for deg. Informasjonen vi ber om må sendast i kvar søknad, sjølv om du har sendt inn liknande søknader tidlegare. 

Søknadsskjema for bruk av motorkjøretøy i utmark.